H

Ledige Stillingar Som Overlege Ved Brystdiagnostisk Senter

Haukeland Universitetssjukehus

bergen, bergen, Norway Full-time July 16, 2026

Opportunity Description

Om stillinga
Brystdiagnostisk senter (BDS) er ein del av Radiologisk avdeling som til saman har om lag 370 tilsette. 47 av dei er på Brystdiagnostisk senter. BDS har ansvar for all brystdiagnostikk i regionen, både screening og klinisk verksemd. Vi har høg aktivitet og stor etterspørsel etter våre tenester, som utgreiing av pasientar med kul i brystet, pakkeforløp, oppfølging etter funn på screening, MR mammae, kontrollar under pågåande behandling og etter avslutta behandling av brystkreft.
Vi utfører mange praktiske prosedyrar, særleg biopsiar. Vi har mykje pasientkontakt, der informasjon til pasientar og tilvisande legar om funn og resultat av undersøkingar er kvardagen. Vi deltar i forsking.
Vi har ein god utstyrspark: 4 kliniske mammografiapparat med tomosyntese og stereotaksi. Vi har også utstyr for kontrastmammografi og for tomosyntesevegleia og kontrastmammografivegleia biopsi. Vi har 5 ultralydapparat.
Ved Brystdiagnostisk senter er det for tida 10 overlegestillinga...
Full-time Other-General

Interested in this opportunity? Apply now through Expertini.

Apply for this Position