Opportunity Description
Vil du bruke helsesekretærkompetansen din i eit fagmiljø der nøyaktig arbeid har stor betydning for pasientane?
Ved Laboratorium for patologi får du ei fast heiltidsstilling på dagtid, varierte arbeidsdagar og grundig opplæring i eit moderne laboratorium. Du blir ein del av eit motivert og dyktig team, der helsesekretærar, bioingeniørar og patologar samarbeider tett om viktig diagnostikk.
Hos oss får du jobbe i eit moderne laboratoriemiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka.
Ved Laboratorium for patologi arbeider vi med diagnostikk av sjukdomar ved å undersøkje vevs- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår. Arbeidet vårt er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose, og vi samarbeider tett med kliniske avdelingar for å sikre best mogleg pasientbehandling.
Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt...
Interested in this opportunity? Apply now through Expertini.
Apply for this Position